Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
96
fram, utan at ho rett visste kvifyr; at og fram
imillom kommandobrettet og salondøri. Og paa
brettet framfyr roparen stod kafteinen paa post,
nervøs og utoleg, brukad kikarten til ingi nytta,
kommanderad ned i maskinromet, vittad til
rormannen og lydde etter kanonskoti ifraa
Hang6-fyren, som ein ikkje kunde sjaa ein blink av.
Utydelege og sprengde balad dei stakkars
krutsmellarne seg fram og gjorde, at kafteinen
kommanderad snart eit slag fram og snart eit slag
attende, med' rormannen stod der og lagde øyrat
til og skulde styra etter skoti. Og natti gjekk, og
dagen rann, men tjukka laag der lika tett og vaat.
Daa tok det med eitt til aa glisa der midt
uppi; ein frisk pust kom farande som ei glad
von einkvar staden ifraa, gjorde ein liten glytt fyr
ljoset, og med ein gong var alt klaart. —
Kafteinen reiv i med eit vælnøgd kommando-ord;
rormannen tok trauste tak i ratten, og med full
fart strauk eimbaaten beine vegen inn i hamn.
Den braade utløysingi var som eit godt
varsl, totte Alvhild. — Uroi. kvarv med skodda,
og ho saag ut yver havet, som glittrad imot
henne, fritt: og ubundet som det laag der og
bivrad under solguden sine gloande kyssar.
Det er, naar vaar-isen just hev smeltat, og
havet ligg der skirt som ei møy, og solguden kjem
smygande og fell yver det, at det sveiper seg so
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0096.html