Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
97
blygsamt inn i eit brudeslør av vaardogg og
dimma og ligg der i urofull vent med skjelvande
bringa.
Lint løyser daa den utolege elskaren det
løynande slør, og braadt, forare enn tanken, er
han yver det, gyt med eitt ut sin gyllte
straalerikdom i eit vidt og brennande famntak, medan
havet breider seg ut i ei einaste uendeleg dirring
og ligg der og tek imot og før fram ei heil verd
med leikande ungar av skuggar og ljos.
Det lukkelege havet!
Men det hender, at soli gjeng attum hausarne
og narrar sin kjærast fyr den sumarvarmen, han
lovad, — og ville vindflagor slær sund den
glinsande flaten, som solguden sin kjærleik ikkje meir
bryr seg um aa lokka glittrande fargeskifte av.
Og vetteren kjem og bind dei livande baaror so
fast med sin iskalde neve og breider det kvite
liklakan so tett utyver, at ingi solstraala hittar
veg til det lengtande djup med von um den nye
vaaren. Og alt vert so stillt, at endaa til stormen
vert ein vælkomen ven, kor vond han er i sin
velde, berre han bryt ein aldri so liten brest i
isen — ein aldri so liten veg fyr livet, same kvat
skikk det er paa det. Og draumen um vaaren
sin rikdom, som dirrad der nede i djupni av
minne, grev seg blygt fram og gled seg i den
få
í
Adolf Paul: Blindebukk,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0097.html