Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
99
naturlegvis, der forfattaren sjølv stend attum kvart
ord og hemner seg paa dei kvinnor, som anten
hev gjevet seg i hans vald elder ikkje hev viljat
gjort det, — hæder deira nautne trurøkna elder
strir fyr deira lasteløysa, alt med“ han væltalande
forsvarar si eigi iblanding i spursmaalet, slit
karslegt sund si blødande bringa og syner fram nokre
av sine eigne lyte, so han med godt samvit kann
faa bokføra hennar. Og gløymer berre aa nemna
namnet.
»Namnet — tenk um han hadde vaagat —!“
I full illska slo ho boki att utan aa sjaa
etter, um han hadde nemnt det.
Aa lesa er eit vandt arbeid. Og fyr eit „danat“
menneskje fell det mest alltid verst, for det hev
ein uklaar otte fyr aa missa nokot av si
godtkjøps sermanns-røynsla, naar det vert paaverkat
av forfattaren. Dei ferdige synsmaatarne er so
laglege i det daglege livet! Hev ein dei, so des
ein berre tittelen og bryr seg ikkje um resten.
Men ein hev havt boki i hand, og ein kann tala
litt um henne, — og det er hovudsaki.
Alvhild hadde ogso slengt boki ifraa seg.
Men nyfikna etter aa faa vita, um han hadde
nemnt namnet hennar, fekk henne til aa ta boki
fit —
Gud skje lov, han hadde ikkje gjort det!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0099.html