- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
100

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

100 Ho gav seg til aa lesa. Fyrst tittelen. So kom dei ferdige synsmaatarne hennar og dømde i fyrevegen og gjorde motstræv; ifraa dei gleid ho umerkande yver til aa lesa sjølve forteljingi. Og so var ho seld. Ho byrjad altso med tittelen. Den lydde so: „ lilfellet gjerer tjuven. Hi soga um, korletds høvet kann gjera, at ein kjem til aa stela sin eigen rett.« Naa — det kunde ein vita paa fyrehand! Det var naturlegvis berre den gamle soga um han og ho, som fær elder ikkje fær einannan i enden, — men paa bohéme-vis. Altso utan alle dei gamle roman-greidor med mødor og pinslor og allskens vandskar, som kjem i vegen fyr dei tvo unge, so deira blyge elskhugslukka kann bløma berre imillom Jinjorne og ikkje er til aa skyna fyr andre enn dei, som hev røynsla i aa njota unemnd og unemneleg fagnad. Ei røyndarskildring paa bohémevis gjeng just ut paa aa vera sers giftig imot dei gamallromantiske kjærleiksgreidor, som smaatt um senn hev étet seg ut or romanerne og inn i livet. Bohémeskildringi dengjer det tillærde elskhugs-tullet hjaa folk og vil læra dei eit annat att i staden, — hittar upp slagord i staden fyr prov, syner fram gode døme paa moralsk mod i umoralske ting

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0100.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free