Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
101
og byrjar ein endelaus debatt um ævelege
problém. Kjærleiken vert buskaps-stell, avdi
skildringi slær fast typen paa det sterke og
vyrdlause menneskje, som ordnar kjærleiken hygienisk
og kynet metodisk. Aa, for ein einfeld metode,
og for ein lett hygiene! — Berre blindt og
vyrdlaust lyda naturbodet, naar den lunefengne røysti
inni deg segjer til, at no er den rette
augneblinken og den rette personen komen. Og det
einaste bod, som finst, er fridom, jamnleike og
god, varm kameratskap imillom mann og kvinna, `
— fridom til aa offra til den heilage elden
tvertimot alle dei fyrekrav, som samfundet sæt fyr
sovorne offer, — fridom til etter tykkje aa vera
Adam i eitkvart privatparadis — Adam, som
berre treng vakna or den med dei stutte buksorne
sluttande skapings-blund og so finn ei Eva, som
stend ferdig til aa kasta seg i armarne hans,
utan at han snaudt tarv retta dei ut eingong!
Og rett til aa hæda fikenblads-tyranniet, skratta
aat syndi, som vart synd fyrst etter at den gamle
ormen, avundsykja sitt kjærleiksfatige symbol,
fann paa det ordet, bannad kjærleiken inn i
eigendomsretten og gjorde til stuld, kvat som til den
tid berre var ei njoting, som korkje var skyldig
elder uskyldig.
»Kom til meg alle de, som er mødde og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0101.html