- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
102

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

102 toskutte!“ segjer poesien sin bohémefrelsar. ,Hjaa meg finst ingen ting til aa lesa imillom linjorne. Alle menneskje er brøre med same retten til aa skyna, soleids som eg vil, og med lika liten rett til aa skyna det onnorleids. Fantasi er ikkje turvande; difyr gjerer eg han naamen hjaa den, som hev ein sodan luksus! Mitt poetiske adelsbrev hev eg kastat burt og er vorten demokratisk plebeier. Sanningi — berre sanningi fær de av meg — av ingen andre enn meg!“ Og so lyg han lika flust som nokorsinne ein av dei gamle romantikerne. Den siste kallad si lygn: „aa fantasera“; den fyrste kallar si: „konstatera fakta“. Det er heile skilnaden! — » Tilfellet gjerer tjuven“ var ei røyndarskildring etter uppskrifti paa han og ho, som fær einannan, og med det humoristiske motiv, at han driv si elskhugs-stuld som sport, med' ho læt han gjera det av vankunna, elder som han sa det: av for mykjet daning. Den unge vækja i soga visste ingen ting um det kjærleiken sitt „kameratskap“, som var religion fyr han. Ho var fager, lettlivad og kaat, men grensorne fyr hennar kjæta var so tronge. Aa vaaga seg utanum dei grensorne var ein stød faare og ei ideleg lokking, just avdi dei var so tronge, at ho alltid støytte imot dei. Ein heil

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free