Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
103
kinesisk mur av gode seder var sett upp i kring
hennar rikdom av ungdom og liv, og det var
aldri verdt, at han freistad rikka den muren.
Kvar aldri so liti sprikka, han sette, dyttad ho
strakst att, med det ho sa: „Det gjeng ikkje an“,
og alle hans gode grunnar braut av seg odden
imot denne einaste motgrunnen hennar.
„Det gjeng ikkje an!“ — attum dei troll-ordi
stakk i tusundtal av vyrke fyretolor av far og
mor fram fyr hans fantasi, medan gamle
kringmælte guvernanteskrymt med brillor paa kroknosi
yrde fram og fylgdest av verdige sedelærarar med
milda og godleik i augo, kristeleg kjærleik paa
lipporne og aalmennyttig i svart med gullsnitt
innbunden livsvisdom i neste hender! Han fekk
sovorne visioner, den stakkars unge nordmannen,
av hennar „det gjeng ikkje an, at han slett ikkje
torde fretta „kvifyr“?
Men inni seg svor han med ein dyr eid, at
han endaa skulde læra henne, at alt gjeng an,
— det fekk kosta, kvat det vilde!
Ho var nokot nytt og uvanlegt. Hans
nyfikna vart sers freistat til aa koma nær ei sovori
liti familie-vækja eingong! Det skulde rett vera
moro, og kann henda det med same kunde vera
eit lønande studium, — gjeva han eit godt motiv,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0103.html