Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
104
til han eingong skulde trø fram med sitt tillegg
til kunnskapen um menneskjenaturi.
Han var ikkje strakst sikker paa, korleids
ho laut takast. Men fyr det fyrste gjorde han
seg til hennar gode kamerat i vanleg meining.
Han fylgde henne altso i teatri og paa
konsertar — stutt sagt: alle stader, som ein ung
mann kann fylgja ei ung dame, naar dei er
tvoeina. Men vilde han meir, so gjekk det ikkje
an! Vera med han ute og éta til kvelds, etter
dei kom or teatret, vilde ho plent ikkje. Ho
hadde høyrt, at i Berlin kunde ein ingen stad
gaa utan aa raaka landsmenn, og kom det ut, at
ho hadde voret tvoeina med ein ung herre paa
restaurant, so vart ho ulukkeleg!
Men korso kjærde ho yver, kor leidvoret ho
hadde det, og kor skiftelaust Berlins-livet var.
Og naar han svor paa, at det ikkje var sant, og
gav henne girande skildringar og vilde faa henne
til aa vera med og til aa lata alle barnefurdor
fara, da vart det glans i augo hennar, og ho
høyrde væl etter kvart ordet. Men naar han
sluttad, so sat ho der justsom fyrr og høvde so
godt til den stille leidskap i pensionssalonen, at
ho turvte slett ikkje segja: ,det gjeng ikkje an!“
Han skynad det korso.
Ein gong gjekk ho lenger, enn ho var van
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0104.html