Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
105
aa gjera. Just som han var midt i sine
skildringar og freistingar, sa ho: „Ja det tru eg væl!
— De mannfolk, de hev det so gildt, de, at de
kann gjera, kvat de hev hug til!“ — Og so
spratt ho upp og gjorde i kjæta eit litet hopp. —
„Den, som hadde voret eit ungt mannfolk!“ sa ho.
„Ver de glad, at de er den, de er!“ sa han
og saag vyrk ut.
Men med same for ein tanke yver tunga.
hans: ,De kann daa klæda dykk ut til karmann,
og so gjeng me paa æventyr som tvo gode
kameratar!%
Og tenk — def var ho strakst med paa!
Han svor imillom tennerne yver, kor stort.
fe, han var, som ikkje fyrr hadde komet paa dette.
Det maatte han daa ha visst! — Ei sovort
danad ung gaas, — det maatte daa plent vera
ein heil masse unyttige og uturvande aatferder,
skulde ein faa henne til eitkvart, um det var aldri
so vanlegt! — Det vigtigaste fyr henne var
naturlegvis, at det vart mykjet stas med allskens
urimeleg romantisk løyndom og mutor,
forklædning og sovoret tull, — daa var ho nok med paa
kvat som helst! Tenk, at han ikkje hadde komet
paa det fyrr! —
Men no tok han sin mun att, sette seg
samstundes til aa lyga i hop den eine soga verre
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0105.html