- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
110

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

110 Tagalle fylgdest dei, kom heim til han, og han kveikte ljos. Ho sette seg i sofaen, trøytt og til inkjes av den lange gangen og mælte ikkje eit ord, berre stirde med store, svevnuge augo fram fyr seg. So gleid hovudet hennar ned imot sofakarmen; han lagde ei kodda under det, breidde eit plagg yver henne og sa stillt, som um ho longe sov, og han ikkje vilde vekkja henne: ,Sjaa so — kvil dykk litt her fyrst. So kann de gaa heim — sidan.“ „Berre eg ikkje sovnar — og gløymer det,“ gjeispad ho svevnugt. Ho saag so freistande ut, der ho laag, at han var aat og vilde kyssa henne midt paa munnen. Han heldt det ikkje ut lenger! — Men so hugsad han, kor stutt ho hadde voret paa det fyrr um kvelden, so han fekk lata henne vera. Det kunde reint øydeleggja altsaman, tenkte han, — og ufint var det aa misbruka gjestmildskapen og! — Ho laut takast varsamt. Sømeleg fekk ein vera like til siste augneblinken. — — Han bles ut ljoset og gjekk stad og lagde seg paa sengi. All ro var justsom burtblesi med den vesle ljos-logen. Den underkuad bringe-vermen slo ut

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0110.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free