- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
111

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

111 i full loge og. manad fram or myrkret det eine draumebilætet etter det andre, lokkande, eggjande og tryllande, med’ togni gjorde, at hjarte-dulpi vart baaror, som sSnøggare og snøggare jagad einannan burt imot det andre hjartat der burti myrkret, som bankad av ank og otte fyr det stormcentrum, det longe barst fyre, at det ikkje vann hytta seg imot. Han laag der og lydde etter andardragi hennar. Dei lét so ujamne, og han høyrde, at ho ikkje sov; ho laag visst ikkje godt. — So høyrde han, at ho skilde seg med dei ulaglege mannfolk-klædi, — og so vart alt stillt, og han høyrde ingen ting meir. Stillt lettad han paa seg, sette føterne utfyr ` sengkanten og kom paa golvet, utan at det hadde riksat i sengi. Og so stod han der og fraus av gir og heldt anden. Det hadde komet yver han slik ei undarleg kjensla. Han, som var van med alt og aldri kjende nokon illhug, vart no braadt teken av den sømd, han hadde voret tvingad til aa akta paa i lengste laget. Barnesoga um den forbodne frukti, som han alltid hadde svivyrdt, tok han no so hardt med vondt samvit, avdi han hadde lagt upp illraader imot henne, at han stod der og forsvarad seg imot seg sjølv og vilde faa seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free