- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
114

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

114 Det var enden paa ,Tilfellet gjerer tjuven,“ men ikkje paa soga. „Han lovad, at han skulde koma att“ det vart upphavet til den nye romanen, som Alvhild hadde voret hovudmannen i — lika til no. Han reiste til Noreg og skulde greida alt, so dei kunde gifta seg strakst. - Og so skulde han koma att og henta henne; det hadde han svoret henne til. Men i staden fyr han kom eit brev. Han hadde gjort ein daarskap, skreiv han, med ein falsk veksel fyr aa faa dei pengarne, foreldri hans negtad han til giftarmaalet med henne, Det var komet fyr dagen og no, naar ho fekk dette brevet, var han longe paa veg til Amerika. Men han svor henne endaa ein gong æveleg truskap. Han kunde ikkje liva utan henne. Han skulde gjera underverk og tena seg rik, so han kunde faa koma til henne. Og han dleit paa, at ho vilde vente, og minnad um hennar eid. Bingong skulde han koma. — — — — Det — og mykjet meir til -- hadde han skrivet. Og ho hadde ventat og vonat lika til no — og voret han tru paa si vis. At elskhug og giftarmaal ikkje høyrde i hop hadde han daa sjølv lært henne. Og naar ein so elskeleg og hyggjeleg ung mann, som Stormbom daa var,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free