- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
115

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

115 kom og bad henne so vyrdsamt um hennar hand, gjekk det rett ikkje an aa segja nei! Baade fyr det og avdi ho vilde lyda mor si, so tok ho han. Men det var med den baktanken, at naar den, ho ventad, kom, so vilde ho lata seg skilja, justsom ho hadde latet seg vigja, — baae deiler var berre ein formalitét. Og liksom ho ved vigsla hadde sagt til mannen: „Eg hev gjenget inn paa aa ta namnet ditt og gjevet jaord til, at presten kunde lysa signingi yver oss, men ikkje tæret meir! At eg ikkje elskar deg, det veit du fyrr. Og du Veit, kvat elska er! Men lat oss vera gode vener“ — so hadde ho etlat seg til aa segja til han i skilsmaals-stundi: „No er han komen, han, som eingong fekk min elskhug. No kjem han og vil ta sin rett, og no tek eg min fridom att.“ Og mannen hadde fenget vera nøgd med det eine likso væl som med det andre. Stakkars Alvhild! Etter den natti, han hadde greidt so væl ut um i boki si, hadde ho verkeleg voret hans eignelut med likam og sjæl. Ho hadde aldri tenkt seg annat enn aa lata odde vera jamnt og halda ved med den leiken, som lagnaden hadde ført henne uti.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free