Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
116
Og naar han sidan reiste ifraa henne og
attaat gjorde eit lovbrot fyr aa faa eiga henne —
eit brot, som han laut røma fyr —, og han so
skreiv avskilsbrevet og svor henne truskap so
dyrt, so hadde ho ventat og vonat, at han
verkeleg skulde koma. Koma att justsom den
mystiske mannen i „Fruen fra havet“ og krevja
att eigendomen sin og ta henne med seg langt
burt til det store ukjende. Aa — Ao skulde mi
sann ikkje vera so umansleg som Ellida; /o
skulde nok vaaga det!
Den stakkars heilen hennar, forreden av
romanbøker og høgare daning, hadde verkeleg
voret teken av ei slik synkverving. Og paa den
hadde ho livt i staden fyr aa lata det framfarne
vera gløymt og gaa fullt upp i det, som var — det,
ho verjad seg imot med nebb og klør!
Men no, naar ho sat der hædd av han,
som ho hadde ventat paa, no tok med eitt den
tanken henne: ,,Brevet! — tenk, um def ogso
berre var eit av fantestykki hans. Tenk um han
hadde loget?!“ —
Ho laut ha vissa fyr dette.
Ho gjekk strakst attende med boki til
eigarmannen, takkad fyr laanet og so lika sæl,
som ho kunde faa det til, spurde ho den norske
damen, um ho kjende forfattaren personleg. Elder
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0116.html