Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
117
um ho visste, um han hadde voret lenge i
Amerika.
„1 Amerika!“ skrattlo hi. ,Nei — berre i
fantasien! Er det den novellen, de hev leset?“
spurde ho.
Alvhild negtad det og sa tittelen paa den
andre.
pÅa so, no — det er berre ein ufullnøgd
sveinkalls-fantasi. Usann — og uppskrøyvd!
Forføringi er daa plent umogeleg; soleids gjeng
det aldri fyr seg! Ei ung vækja av betre folk
gjeng ikkje heim til ein ung mann og skifter klæd
og gjeng so med ut paa æventyr. Def hev han
aldri røynt. I eit cabinet particulier — etterpaa
ein splendid souper — det hadde voret
naturlegare!“
„Ja, eg — eg veit ikkje,“ stotad Alvhild.
„Ellest hev nok novellen sin verdleike,“ sa
den andre. > ,Sers interesse hadde det fyr
meg aa sjaa, kor sikkert hans kvinnekjende
instinkt skynad til aa ta henne paa rette maaten ifraa
fyrst til sist, so han ikkje støytte hennar ovdanad
kjensla av det, som „ikkje gjeng an.“ Hadde
han ikkje teket det so fint og smaatt um senn,
men strakst synt, kvat som i han budde, so
hadde han fenget stadet der med skammi.
Nei — den andre forteljingi burde de ha
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0117.html