Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
119
fram gruve i sofaen og grét so tungt, som ho
ikkje hadde gjort paa lenge. — Romanen hennar
var dotten sund, mole fyr mole. Taarorne skylde
burt siste resten, og att var det berre ei daarad
kvinna, hædd og avklædd. Og kvat som verre
var: ho laut segja seg sjølv, at ho hadde gjort
endaa verre svik ved aa gifta seg soleids som
ho gjorde. —
Han hadde loget fyr henne, og han hadde
reknat ut, at han berre kunde koma ut or spelet
med ei naudlygn, — det var alt. — Han hadde
ikkje eingong bundet henne; ho kunde godt
ha skynat samanhengen. Men ho hadde
. bundet seg sjølv med si ov-øre innbilling; ho
totte, det skulde vera so romantisk aa verta
hovudmannen i eit mystisk elskhugs-drama.
Og eit so uventande slag i andlitet hadde
voret turvande til aa tyna hennar grillor. Dimma,
som ho so lenge hadde leget til ankars i, lettad no
med eitt, og i ein augneblink saag ho fritt og
klaart, kvat kos ho skulde styra, — saag, at
ho maatte gjera godt, kvat ho hadde forbrotet.
imot mannen. Ho sette seg fyre, at ho vilde
gjera det, — dersom ho berre kom med livet or
doktararne sine hender.
Men eimbaaten gleid fram yver Austersjøen,
fram med den sandlendte Meklenborg-kysten,. og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0119.html