Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
121
elskhugen skulde han ikkje ha stort av, hadde
han tenkt. Han skulde nok læra henne ei
onnor løysing paa gaata! — Men daa hadde han
just støyrt hovudet imot veggen. Og han, som
trudde, at han berre høyrde ein av dei vanlege
talemaatarne ved eit konveniens-giftarmaal, hadde
fenget staa der med skammi og visste korkje ut
elder inn, til tolmodet var ende, og storsinnet tok
han og sende han hovudstup inn i dei leide
uppstyr i heimen.
Nei — det visste han nok etter fyrr, at ho
meinte ikkje nokot sers med tydskapen, som kom
so braadt paa. Men han var so fjaak imot
henne, som han kunde.
Og dei rødde saman heile tidi, med'
eimbaaten balad seg fram igjenom Trave sine
bugtingar til den gamle Hanse-byen, som laag der
langt inni landet innsveipt i røyk.
Den norske damen nærmad seg fleire vendor
og saag ut, som ho hadde eitkvart, ho vilde
segja. Men Alvhild skydde henne med vilje og
- nikkad berre til farvæl, daa dei gjekk i land. .
Strakst etterpaa var dei med snøggtoget paa
vegen til Berlin.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0121.html