Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
123
Dette var Stormbom svært takksam fyre og
gjekk med til kliniken i Friedrichsstrasze, der den
namngjetne kirurgen budde. Doktaren, som var
fyretalsmann, sa, at det var ein framande kollega,
som gjerna vilde faa vismun um den nye
operationsmaaten, og so fekk han med ein gong lov til
aa vera tilstades og vart synt inn i
operationsstova. — Stormbom høyrde eit par namn
nemnast, nigjad til tvo assistentar i kvite blusar og
vart vis med eit par kvinnfolk i kvite- og
blaarandutte kjolar. So saug operations-bordet med
dei blanke glasplatorne augo hans til seg, og der
vart dei hangande, halvblinde av det reflektérte
solskinet.
»Det er vel ikkje fyrste gongen, de er med
til ein operation av dette slaget?“ spurde ein av
kararne.
Men Stormbom svarad ikkje. Tankarne
hans var reint burte, og han stod der og stirde
og fekk hovudverk av alt styret i kring.
Doktarar og reidkonor og ,systrer% sprang um
einannan og ordnad og ramlad med instrument og
fyllde romet med karbol-snik, so Stormbom, som
fyrr var kasen av den sugande vaarlufti, no vart
reint ør.
Med eitt vart det stillt og tagalt. Doktaren
si kommando-røyst vart mjuk og smeiki, og han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0123.html