Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
124
sa nokre venlege ord. Bit kvitt linlakan vart
breidt ut yver bordet; det fridde Stormbom sine
augo, og han saag up. ;
Han kvakk. — Det var daa ho — det var
Alvhild, som stod der — ja visst var det ho —
spildrende naken! — Han hadde i røyndi aldri
set henne fyrr, men i draumar baade sovande
og vaken. Og no drøymde han ikkje; det var
ho, som stod der, likesæl um alle dei andre og
raudnad av skam — berre fyr han! — — Aa,
kor fager ho var, som ho stod der. Den
raadville mina, som han aldri hadde set fyrr, — kor
den høvde henne! Han reint aat henne med
augo, og han ovundad solskinet, som flaumde
inn igjenom glaset og tok hennar møyfagre
former so fullt i famn.
So høyrde han ein annan mann segja
eitkvart, saag eit par framande hender triva tak i
henne. Var ho daa ikkje hans, — hans aaleina!
Kven andre hadde rett paa henne! — —
Blodet steig han aat hovudet, vanvitet tok
han, og i full villska vilde han springa til og
tyna heilag-røvararne.
Daa lét det braadt musikk inn ifraa gata:
Tutarhorni skvattrad, og trumborne rumlad i
krigerske rytmer, basunen skrall, so rutorne ringlad,
og det lyddest taktfaste stig paa gatesteinarne.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0124.html