- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
125

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

125 » Vaktparaden!% — var det einkvar, som sa. Dette hadde dreget Stormbom sine tankar i ei onnor leid, so spaningi gav seg, og han vart rolegare. Daa han saag upp, stod doktaren i sin kvite bluse attmed operationsbordet og stellte med ei framande kvinna, som laag der paa rygg med henderne under hovudet. Han hadde altso berre havt ein vision; han hadde set syner berre: det var ikkje Alvhild! — Men han freistad innbilla seg, at det var ho; han var daa her komen fyr aa sjaa, kor livsfaarleg operationen skulde vera. Litt rolegare fylgde han med doktaren sine manipulationer; saag, korleids dei vaskad og sprøytte eitkvart inn under hudi, der skurden skulde gjerast, og korleids hudi svall upp og vart graakvit, justsom ho skulde voret brend med netlor. »Kokain! Ein paa fem tusund!% slengde doktaren til han yver oksli. — „Messer!“ kommanderad han so. Det for tvert igjenom Stormbom att. Hadde det no voret Alvhild, som laag der, og han fekk sjaa ei hand med ein kniv staa der soleids yver henne, so hadde han vortet galen! — Dei hadde vel ikkje rett til aa pina kona hans helder! — Um det ogso hadde voret aldri so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free