Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
127
dottar, som kom dansande einkvar staden ifraa
og fauk burt att purpurraude av livande blod.
— Fleire hender kom til. Avskorne aadrar vart
knipne saman med pincetter og yverbundne med
silketraad, med“ breide, taggutte hakar drog
skurden til baae sidor. — Og so bar det laust att,
skiftevis med kniv og sprøytor, pingetter og
vattdottar, utan stans — snøgt og sikkert. Deturde
av onnuge hender kring saaret; spaningi aukad,
ingen sa eit ord meir, berre doktaren høyrdest
kommandera: „Spritze! -— Schieber! — Seide!“
um einannan.
Med eitt vart det skumt i stova. — Soli
gjøymde seg reint, daa dei var midt i hardaste
balet. :
„Gas!“ — ropad doktaren, og i same
augneblinken kveiktest ein gas-loge yver hovudet paa
dei. Ein tenar sette ein glinsande ring som eit
diadém med glødlampe i paa doktaren sitt hovud,
trykte paa knappen til eit elektrisk batteri, og
glødlampen logad upp. So lyste doktaren seg
sjølv inn i skurden og heldt ved med arbeidet,
som han ikkje hadde sluttat ein einaste sekund.
Men paa Stormbom gjorde det heile ein
sjeldfengd verkning. Han totte, doktaren i sin
lange, tvite bluse med diadém um skallen var
eitkvartslag heidensk ypparsteprest, som med hjelp
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0127.html