Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
128
av smaaprestarne gav guddomen sin eit
soningsoffer. Og offeret, som laag der, var hans eigi
kona; han hadde ikkje kunnat berga henne ifraa
dauden; — hans von um eingong aa faa eiga
henne var vorti til inkjes i ein augneblink. Stiv
og styrd stod han der og stirde paa prestarne
sine hender, som gjorde einkvar mystisk
ceremoni yver offeret; det kjendest, som det døydde
eitkvart inni han, — eitkvart, som var centrum
i all hans livskraft; han kunde ikkje, tenkja ein
tanke meir, ikkje røra seg til nokon ting.
Kor lenge det varde, visste han ikkje; men
endeleg bar dei henne burt, innsveipt i nokot
kvitt. Daa tok det han so ilt, at taarorne trengde
seg fram: han treiv tak i armen paa ein, som
stod attmed han, og med eit maal, som. skulde
vera likesælt, men korso ikkje kunde løyna
skakingi, sa han:
„Dette var altso den verkefrie maaten dykkar!“
Operatøren drog paa munnen aat sin nervøse
„kollega“ og snudde seg ifraa han til sine
hjelpesmenner. Dei saag reint vælnøgde ut; spaningi
var liksom burtblesi, og dei let ein liten mjuk,
svamputt tingest gaa ifraa hand til hand, med’
dei furdad han væl ut. Det var den uttekne
gallesteinen.
„Me hev daa likevel yvervitnat oss um, at -
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0128.html