Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
131
han daa væl, at dei ikkje gjorde. — Var ikkje
hans forbrot so mykjet større enn hennar og so
mykjet meir nidingsverk, som han var den
sterkare og friare! — —
Han gløymde med ein gong, at fyr eit svik
som hennar fanst det ikkje straff hard nok og
ingi hemn for hjartelaus!
Og han gjekk til henne sturen og hugbroten,
lagde seg paa kne framfyr sengi, kysste handi
hennar, gret og bad henne tilgjeva han og freista.
gløyma alt det vonde, han hadde gjort imot
henne. Og bad henne tru, at han i framtidi
skulde skikka seg onnorleids.
Fyr ei vika sidan vilde ho ha tykt, at dette:
var, som det burde vera, men no kjende ho seg
berre skjemd og audmykt. Uppdagingi av den
mystifikation, ho so lenge hadde voret undergjevi,
hadde tynt ovmodet hennar. Det linnaste, ho
kunde segja um seg sjølv, var, at ho hadde
voret tossi og udanad, men nøyddest mest til aa
gaa so langt, at ho sette svikarmerkjet paa seg.
Og no kom han, som ho hadde snytt fyr
livsens lukka og bad um tilgjeving fyr det, som
berre hadde voret eit fylgje av hennar svik! —
med' den andre kann henda ikkje lenger leivde
henne ein tanke, etter han væl hadde gjort henne
til laatteløgje! —
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0131.html