Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
132
Ho drog handi snøgt til seg, snudde seg
ifraa mannen og berre sa:
»Kvifyr skal me tala um det, som er
framumfaret? Lat oss helder vona paa framtidi,%
Han høyrde ikkje den avbøni, som dirrad
løynd attum ordi. Ho var alltid kvass-mælt, og
no skar det han so unaadigt hardt i hans
angrande bringa, at han vart tykken. Han snudde
seg braadt og gjekk utar imot døri.
Daa ropad ho han snøgt attende, tok handi
hans med baae sine og saag han lenge inn i
augo, som um ho aldri hadde set han fyrr. Og
det var nokot so mjukt og bedande i augnelaget,
at han med ein gong gløymde all illvilje og
kjende nokot, som liknad ei von, verma under
oska av dei lengesidan utbrende illusjonerne.
„Alt skal nok gaa godt“, kviskrad ho. „Eg
skal verta frisk att, og sidan skal me vera gode
vener; ikkje sant? — i minsto ikkje lenger gjera
livet surt fyr einannan.%
Han sa ingen ting. Taarorne kom han i
augo, og han kysste handi hennar og sat der
attmed sengi, til ho sovnad.
Det hadde komet yver han slik ein undarleg
mjuk hjartevarme, at han kjende mest ikkje seg
sjølv att. Men det visste han, at dei no var
komne einannan nærare, enn dei nokorsinne
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0132.html