- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
134

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

134 Dei etlad seg fyrst til einkvar av dei meir namnkjende laugeplasserne ved Austersjøen; men so raakad dei ein kjenning, som gav dei eit godt raad. i — Vilde dei ha ro, sa venen, og bu justsom paa landet og vera kvitt all den vanlege styr, som fylgde med slike laugeplass, so fekk dei det ingen stad so godt som i det endaa ukjende Sellin paa Riigen. Og so billigt som dei kunde faa det attaat! Stormbom kjende ikkje endaa til, korleids det hev seg med billegskapen paa ein sovoren laugeplass, og dei gjorde som venen hadde raadt dei til. Men naturlegvis fekk dei snart trega det. Sellin var eit av desse skarve smaaholi, som burtimot sæsonen og ferierne skapar seg um ifraa bondeby til „badested“, døyper fiskarhyttorne sine um til „villaer“ og sine villaer til „hoteller.“ Dei store laugeplasserne sin gaman og kvæmleike paa alle vis var ein vel kvitt, det var sant, og turvte ikkje betala meir korso. Men helder ikkje minder. For eit rom kostad i midmaal dubbelt so mykjet som eit fint rom i Berlin. Med billegskapen kunde det altso berre vera væl nok, dersom ein saag syn med aa vera fleire i same romet. Og dei fleste leit seg med det paa den maaten, so det i ei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free