- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
135

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

135 slik liti fiskarhytta kunde vera upp til seks — aatte mann. Men berre nattetider og i regnvedr. I vakkert vedr var byen som eit einaste stort barnekammers under berr himmel. Stormbom totte, det var reint undarlegt, kor mange born tyskararne hadde! Uteljande smaakratl i den aldren, daa ein longe kann gaa so og so mange stig yver golvet utan aa detta og dyrkar taateflaska i løyndaste løyndom; unge menner med og utan side buksor, men med livande interesse fyr jødespursmaalet og militærframlegget; gjentungar i tusundtal hekk i huskor og hengnøter heile dagen, synte all verdi sine skitne underbuksor og kom aldri i hug, kvat som kunde vera sømeleg aatferd elder ei; „höhere Töchter“ med Heine i hjertat freistad faa til den rette svingen med kjolarne og studerad kunsten aa ta smaae stig med lange føter, — alle strokad dei i eitt stim heile dagen kring paa strandi, i skogen og paa vegjerne, skreik og skrattad og song — og gledde dei gamle. Dei gjekk der so vælnøgde, dei kjære gamle, og saag paa og frygdad seg yver ungdomen. Par um par, seigt og jamnt vaggad dei seg fram justsom breide skutor i dyning, herren stigande med høgre foten, naar frua steig med vinstre, og nuggad so burti einannan fyr annatkvart stig.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0135.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free