- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
136

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

136 Skrinne embættesfolk med brillor paa nosi gjekk der med sutsamt uppsyn fyr hotande husleiga, for smaae innkomor og for mange born; feite borgarar paraderad med konge-mina arm i arm med sine endaa feitare fruor — fruor med born og fruor utan born og fruor, som snart skulde faa. Attaat alle dei, som gjekk der — liksom fru Storbom — fyr skuld det gode eksemplet. Han mest skjemdest, Stormbom, midt i all denne barnerikdomen og vart so ør og drøymande, at han visste korkje ut elder inn. Ofta kunde det henda han, naar han gjekk der aaleina og vavrad, at det kom ein liten gullhærd byting farende som ei stormflaga beint innimillom føterne paa han og fekk dei i slik ugreida, at han ikkje rett visste, kvat veg han gjekk. Og naar han so samsad seg att og var paa det reine med, at den der bytingen, som for lenge sidan var burte, eigenleg skulde havt ein rapp av kjeppen, so fann han seg gangande ned til byen. Og stødt stoggad han daa utfyr den store garden, der det var storke-reid paa fjos-taket, og glaamde hugsjukt upp til den symbolske fuglen, som stod der paa ein fot og grundad yver ei elder onnor uløyst gaata i storketilveret og brydde seg ikkje meir um Stormbom, enn han aldri skulde funnest der.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0136.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free