Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
187
Men naar han sat med Alvhild og drakk
morgonkaffien paa verandaen og let synet vanka
ut yver markjerne og ned til vatnet, som glytte
fram der langt burte, daa kunde det henda, at
baade storkefar og storkemor kom susande paa
sterke vengjor og siglde kring villaen, der dei
budde, og kvarv vekk i leid av engi ned med
vatnet. — Ein einaste gong vaagad Stormbom
seg til aa ta høve av dette til aa skjemta litt.
„Um me tok og sette den fuglen midt i
den blaae silkeveggen din i staden fyr den svarte
svanen?“ sa han. ,Den er helder inkje daalegt
symbol!“
Men han tok’ det aldri uppatt meir. For
Alvhild gav han eit so isande kaldt augnekast,
at stormodet hans fraus burt med same.
Ho var ikkje likesæl um han, det var langt
av den leid! Men kor angerfull ho hadde voret,
og kor mange soning-suppstyr dei hadde havt,
kjende ho endaa ein sterk otte fyr mannen,
skydde fylgjet hans og gjekk helst aaleina.
Stormbom let henne stella seg, som ho vilde.
Doktaren hadde paa det strengaste krevt, at ho
skulde livast fyr all hugskaking.
Heile timarne kunde ho liggja ned med
strandi og -stira ut yver sjøen imillom dei høge
grasstraai, som vaks i fjørekanten.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0137.html