- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
138

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

138 Nedi fjøra paa den gulkvite sanden laag ein mengde gjerandslause menneskje og let det blaasa paa seg. Berrføtte ungar sprang att og fram med spann og spader, gjorde hamnar og kanalar, leitad etter bernstein (rav) og kastad ,rjomekolla+. Og uti strand-skumplet stod fleire flokkar av mann, kona, gjentor og mange born i rad, heldt klædi upp, stirde ut i det tome inkjevetta og tok vare paa helsa si. Einkvar menneskjevenen hadde innbillt dei, at ingen ting var betre fyr trivnaden enn aa staa so og so mange timar um dagen berrføtt i kaldt vatn. Strandi bugtad seg maklegt burtetter, gjøymde seg attum odden der langt ute, kom so att paa andre sida av viki og skaut der ei mil-lang halvøy rett ut i havet. Ytst ute bar snøkvite kritberg den tette myrke skogen høgt imot himmelen, justsom dei lyfte han i triumf upp or Austersjøen sitt djup. Nokre kvite husrekkjor lyste som ljosflekkjer imot det grøne og synte eimbaaten, som kraup der nede justsom ei fluga i eit vaskefat, kvar han skulde styra inn til Sassnitz. | Ifraa laugestrandi, der huslydarne stod berrføtte og varnad helsa og prydde naturi, gjekk ein hundrad fot høg sandmele ende upp. Og uppaa den vaks bokeskogen i endelaus majestæt,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free