- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
140

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

140 og sterk alda, og ho var baade trøytt og ør etter basketaki med baarorne. No var. sjøen logn og spegillblank og lufti varm. Men berre ho blindad att, saag ho havet fyr seg i fullt upprør. Brotsjøarne slengde sine bylgjelinjor i stød skifteløysa fram yver synshinna, som um det urolege bilæte hadde etet seg fast der dei lange timarne, ho hadde leget i fjøra og stirt paa det. Naar ho vaknad um natti, kunde ho liggja og sjaa baarorne bugta seg fram med skuggar og ljos, med’ den rytmiske susen og dunet av sjøarne lét i øyro utan stans. Og etter kvart kjende ho baaror av kjøld og varme jaga einannan att og fram igjenom hudi; ho kunde ikkje staa elder gaa, utan at kroppen vaggad, som um ho endaa stod i sjøen og tokst med den, studdest av understraumen og let den eine sturtsjøen etter den andre skylja yver seg. Det var ei kjensla justsom den, ein fær etter ei lang sjøreis, naar huskingi hev havt tid til aa verta ein vane. Ein gjeng til sengs, og strakst huskar baade sengi og stova, som det kunde vera kahytta paa eimbaaten, og denne kjensla kjem att, endaa lenge etter ein er komen i land. I dag var havet lognt og lufti klaar, men endaa kjende ho liksom dei ville vaagor rulla gjenom heile hennar haatt, og basketaki med brotsjøarne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free