- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
141

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

141 tottest henne verta villare og verre etter kvart. Og ho hadde ikkje nok vilje til aa fri seg ut or denne kjensla. Ho reiste seg upp, men hadde ikkje magt yver kroppen; den underlege leiken i musklerne tok til att i ujamne, meiningslause rykkjer. Med' ho arbeidde imot dei usynlege baarorne, slagad ho utigjenom fjøra lika ned til vats-trømi. I rædsla seig ho ned, trykte hovudet fast i sanden og laag lenge soleids og stirde ut yver det blanke vatnet. Med ein gong vart angisten og uroen liksom blesen burt. Ho kjende seg fredsæl og vart som eitt med den jamne flata, som ho let augo glida burtyver i det endelause. Og justsom naar ho laag paa divanen heime i koven sin og stirde paa den azurblaae veggen, totte ho med ein gong, at ho ikkje lenger laag. Ho sveiv i lause lufti. Og havflata vart ein svær, hangande duk av glinsande silke og torehausarne eim, som steig upp or eit endelaust djup, og eimen fekk ljos og ymse liter av eit upphav, som ho ikkje saag. Augo gleid uppetter med den glinsande duken. Der skaut ein odde ut si mjuke grønska, som han kunde voret ein lauvprydd tverr-bjelke, som heldt den blaae duken.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free