Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
142
— Ho laut skratta. For ho totte, det var
morosamt, at ho ikkje hadde set verdi soleids
fyrr. Tvert yver den lauvklædde tverrbjelken gjekk
tvo sprikjande, brune linjor ut ifraa same
punktet, der det stod eit kvitt merkje. Ho visste nok,
at det var vegvisaren, og at dei tvo brune
linjorne, som gjekk til kvar sin kant der ifraa, var
vegjerne til dei langt aatskilde laugeplasserne fyr
dei tvo ueinige halvpartarne av manneætti.
Det stod nett no eit par uppmed vegskiftet.
Dei skildest og gjekk kvar til sin kant. Fyr
enden av kvar linja var ei gul badehusrekkja,
som bryggja hekk ut ifraa som ein svart stige.
— Herren smatt inn i det gule paa si sida og
damen likeins paa si. Og so var desse tvo
species burte. Men paa baae stader kom strakst
etter eit menneskje ut or det gule og gav seg
varlegt til aa kliva utetter kvar sin stige aat den
glinsande duken, som dei sokk ned i, so berre
hovudet vart synlegt. Dei kraup der att og fram
ei stund, til dei endeleg kravlad seg uppatt i kvar
sin stige og smatt inn i den gule rekkja. — So
kom det ein herre ut paa den eine staden og
ei dame paa den andre, fylgde kvar si linja til
vegvisaren, som hadde skilt dei aat. Der tok
dei einannan i armen justsom fyrr, og so gjekk
dei sømelegt sida um sida inn i det grøne.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0142.html