Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
143
Alvhild skrattad.
— At ho aldri hadde gjevet gaum etter
dette fyrr! — So løglegt, at dei skulde gaa til
sides ifraa einannan inn i kvar sin løyndom fyr
aa kunna klæda av seg — han herren og ho
damen! Og so møtast att og gaa justsom tvo
uløyste gaator sida um sida! — Likevæl hadde
dei gjort plent det same der ute i den glittrande
duken, kraup ut som flugor, gnikad seg reine og
gjorde dei same rørslor i det same element.
Kvifyr leikad dei so blindebukk med einannan?! —
Ho sette seg upp att. Det trøyttad ogso,
um ein saag verdi vend upp ned og sneidvridi!
Og nokot sers nytt fekk ein ikkje sjaa daa
helder; berre det same paa ein annan maate! Ho
kunde fyr den skuld gjerna lata havet vera hav
att og hausarne hausar, og upp og ned kunde
vera upp og ned — i staden fyr høgre og
vinstre! č
Men med eitt kom baarorne yver henne att;
logni var burte, og ein storm fôr fram yver
henne med susande dun. Det var, som um
havet hadde løyst henne upp i ein heil samling av
livande skapningar, sjølvraadige ting med eigen
vilje og rørsla, som no huskad um einannan i
vill røra. — Ho let augo att og gav seg
viljelaus havet i vald. Og alt vasad seg saman i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0143.html