Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
145
havflata, der ho hadde leget og stirt, til all kjensla
var burte, og heile verdi vart sneidvridi.
Ho vart kastad imillom baae desse av rædsla
fødde kjenslor — den, som ho visste var
galenskapen si idiotiske logn, og den, som gjorde
henne gali av hjelpelaus otte.
Men ho torde aldri segja det til ei sjæl.
For ho visste, at fekk dei tak i, korleids ho var
vôri, kom dei til aa setja henne paa daarekista.
Ræddhugen fyr mannen heldt ho i age, so
langt ho kunde, med aa kalla fram det
sneidvridne syn paa tingen, som ho hadde lært seg
til ned med sjøen. Ho totte alltid, ho stod so
utanum daa, at ho vart likesæl og kunde vera
med paa alt. Men naar minnet um det uppstyr,
det so tidt hadde voret med dei, steig trugande
upp imillom dei, so vekte det henne or dvalen og
slengde henne handlaust inn i ei vitlaus rid av
rædsla, som tok ifraa henne resten av
motstandskrafti. Som um ho var slengd av brotsjøar, ho
ikkje kunde staa seg imot, dreiv ho magtstoli
inn i famnen hans. Ho vart hans og tolde
smeikarne hans, med’ vitløysa vatt sine svarte
bylgjelinjor byrtingsnart um kvarandre fyr hennar
syn og dansad med tusund andlit, som alle var
lik mannen sitt; dei rette armarne ut etter henne,
Adolf Paul: Blindebukk, 10
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0145.html