- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
147

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

147 rekkjor paa baae sidor av ein lauvklædd, blomsterprydd preikestol. Menner, kvinnor og born sat der i rad og rekkja. Sume, som ikkje hadde fenget sess, stod og studde seg uppetter tréi; andre sat paa marki. Paa kvar sin stol stod tvo postelinstallerkar til aa leggja offer paa. Svarte tavlor med salmenumri var spikrad upp paa eit tré paa kvar led. Paa eine sida av preikestolen stod ein ørgamall klokkar og song bas-tonen, med' seks korgutar song sopranen. Aalmugen tok i med. Daa songen var slutt, kom det fram ein gamall skjegglaus prestemann i svart kjole og med rund huva paa hovudet og krage under hoka. Han las upp or ei bok; men det var ikkje raad til aa høyra stort av det, for han var nærsynt og heldt boki uppfyr munnen, so ,velsignelsen? fôr upp i tretopparne. Klokkaren og korgutarne ,svarad% imillom kvart skifte i velsignelsen. So tok dei upp eit salmevers att, og naar det var gjort, kom presten fram og las evangeliet. — » Tilkome ditt rike“ var teksten, han talad yver. »Tilkome ditt rike. — Kvar er daa guds rike? Jau, det er her; det er alle stader i heile verdi og fyr alle dei, som berre vil høyra til det. Lat oss beda, kristne, at det ævelege riket ogso

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0147.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free