Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
148
maatte koma til oss, og at me maatte verta frelste
ifraa dauden.
Sjaa jordi er utantil grøn og gul og blaa,
men irnantil svart som dauden og fulllødd av
daudingbein, segjer eit gamalt ord. Utantil det
rikaste liv og innantil daude.
Korleids kom so dauden inn i verdi?
Fyr skuld syndi kom dauden til oss. Alle
er me fulle av synd og bær tyningsens fræ inni
oss; alle skal me dauden døy. Men korso hev
me alle ein liten lut av det ævelege livet i oss.
Tilkome ditt rike.
Naar de bed soleids, so kom i hug, at dykkar
vesle personlege liv er timelegt, men livet, det
store aalmenne livet inni og utanum dykk i naturi
— livet, som var fyre og skal vara etter dykk,
at det er ævelegt. Og de er berre varnararne
og berararne av det.
Kristne! hald det livet heilagt med ord og
med gjerningar, so lenge de hev det, so det ikkje
gjeng gjenom misgjerningar til fordøming. Og hald
-dauden dykkar heilag, so dei maa gjera dykk til
luthavarar i det ævelege riket. For alle skal de
døy. Men bed med mig: ,tilkome ditt rike!“
Dei skynad ikkje rett meiningi i dei uklaare
ordi. For han stamad og var kleisen i maalet,
den gamle presten, og tok ofta upp att, naar han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0148.html