- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
149

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

149 talad um Kristus og krossen og klungerkruna og den guddomelege naaden. Men soli sende gullglitter ned imillom bokelauvet, dei gamle tréi lagde eit stillt sus yver preika, og fuglarne fyllde lufti med kvittringi si. Ein gamall hund sat midt i opet imillom baae benkjerekkjorne, glaamde paa presten, klok- karen og dei seks, skaut kryl og sukkad stillt.. — Ein keglebane rumlad eit stykkje ifraa; ein gauk let høyra eit einslegt „kuku“ burti skogen, endaa det var so langt lidande paa sumaren, og ein skræmd raabukk kom springande frampaa bakkebrotet, glytte inn i gudshus og sprang sin veg att. Stormbom hadde gjenget fram med her i gaar og, men daa vart han vitne til ei onnor gudstenesta. — Borni, som hadde herrevelde alle stader, brukad frilufts-kyrkja til leikeplass um kvardagarne. Og i gaar stod det ein liten ljoshærd syndar paa den preikestolen, der den gamle presten no talad visdoms ord; — han slo takten med ein lang stav, med’ dei andre borni dansad i ring kring preikestolen og song: „Ach, du lieber Augustin! — Alles ist weg, weg, weg! Ach, du lieber Augustin, Alles ist weg!“

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0149.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free