- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
153

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

188 „Det er humbug altsaman med desse ,smertefrie“ maatarne dykkar“, skreiv han. „Det skal vera so hævt med dette kokainet no fyr tidi — og den lokale døyvingi, — justsom den kunde ta burt angisten og! Og den gjerer mi sann ikkje minst ilt! — For um de endaa til paa gamall god vis døyver patienten totalt med kloroform, so ein kann skjota med kanonor framfyr nosi, utan at han haattar det, so hev han daa skyldfolk og vener, som lid av aa vita han i faare. Skal ein altso kunna tala um verkefri operation, so lyt de ikkje berre døyva den sjuke, men heile ætti. hans med!“ — — „Aa“ — tenkte doktaren, daa han las dette brevet, — ,det er raad til aa skyna, at han er komen paa rett kjøl med ægteskuta si no. Han skjemtar, er det likt til!“ Og so gjorde han kollegiale marknader um dei tyske lækjararne sin aandlause lærdom og deira hundradtusund um og men, fyrr dei kom til sjølve saki. Og skrøytte litt yver seg sjølv. „Han kann takka meg, naar ikkje heile hans liv gjekk til dunders, min gode Stormbom! — Eg visste væl, eg, at det var gulsotti, som var orsaki til armodsdomen! Ein lyt vera ein grand kvass-øygd, skal ein duga til kvinnelækjar, maa vita. Og vita, naar ein skal ta til kniven elder ei!“

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0153.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free