Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
135
korso! Ja, soleids kann ein ta i mist‘, sa
slarvekjerringarne. „Det var daa væl, at ho let
seg operera daa!“ — Og gjetordet um doktaren
vaks i dame-verdi. Berre frøken Bergqvist og
frøken Jakobsson heldt endaa paa, at dette um
Alvhild var lygn, for ellest vart dei sjølve
kompromitterad. Og dei saag skjeivt til einannan
utan aa segja nokot.
Slarvet gjekk endaa verre no, sidan makarne
var vortne einige, enn so lenge dei var ulukkelege.
Men Alvhild sjølv var berre glad, at ho
hadde fenget jamna livet til rettes utan aa blamera
seg og skrifta villstiget sitt fyr mannen. Og han,
som ikkje ottadst det ringaste, trudde seg aa
vera einaste herre yver høvet, endaa han var
verst narrad av alle. — Samstundes gjekk den
fordoms elskaren einkvar staden paa ein annan
flekk av jordkula og diktad lækjekunst-litteratur,
reknad med rett og pligt og gjorde manne-ætti
den store tenesta aa uppliva endaa mange tilskot
til kunnskapen um menneskjenaturi.
Blindebukk-leiken gjekk vidare, som um ingen
ting hadde hendt. Alle narrad kvarandre, so godt
dei kunde, og freistad koma innpaa livet paa ein
annan utan aa nekja seg sjølv. Ingen vilde
blindebukken vera, men alle var det.
For i midten av si eigi vesle soga sat kvart
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0155.html