Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
158
av eit trurøkjet hjarta, mi kjære, kære Alvhild.
Og Ragnhild likeins. Ho skulde ha skrivet, ho
og; men ho kjem seg aldri til.
Men — det var ikkje um dette, eg vilde
skriva. Ser du: eg hev nokot paa hjartat, som
eg vilde be deg um; nokot, som eg lenge hev
tenkt paa. Og no, naar eg fekk brevet ditt,
kunde eg ikkje drygja lenger. For — ser du —
i ditt tilstand kann du ikkje greida deg sjølv
med alt, og ingen er vel nærare enn eg til aa
hjelpa deg.
Ja — beint ut sagt, so trivst eg ikkje
skikkelegt her no lenger. Smaatt um senn er
alt vortet meg so framande og lika hendt, som
no ikkje undarlegt kann vera.
Alle dei gamle vælkjende husi kjem burt,
det eine etter det andre, og store, stygge murhus
kjem att i staden. Eg kjenner meg ikkje lenger
att, naar eg sit i min gamle armstol og glytter
ut i Kyrkjegata. Alt er so framande og kaldt.
Same eins med menneski og. Dei gamle venerne
vandrar burt smaatt um senn, den eine etter den
andre. Dei, som kjem att i staden, skynar eg
meg ikkje paa, og eg kjenner meg alltid framande,
naar eg ein hende gong kjem ut i eit gjestebod.
Me held oss ellest mest heime og fyr oss sjølve,
Ragnhild og eg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0158.html