- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
163

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

163 dei teket einannan i famn og kysst einannan og turkat taaror or augnekrærne. Berre skirsle-kjolen skulde arbeidast ute. Baade den og heile hyra ellest var ei gaava fraa fru Petterqvist, men han skulde verta ein rein forstøkknad, og difyr maatte han ikkje gjerast heime. Stormbom gjekk i eit einaste fysne-rus. Han hadde sluttat med rekingi, vyrdslad handelen sin framifraa godt, drakk til maate og sat heime, naar han var fri. Einkvar gongen kunde han rett gaa ut, men daa berre til einkvar kjend familie, ellest sat han helst heime hjaa Alvhild. Og so morosam han var vorten attaat! Alltid hittad han paa eitkvart løglegt, so ein fekk læ. .Og hans konversation! — aa hans konversation, den var endaa meir guddomeleg enn i trulovingstidi, totte fru Petterqvist. Og so hadde han teket til aa tala fransk att — ,tu la voulu“ -- naa! — Soleids som han kunde rett ingen andre faa eit fransk citat til aa høva inn i eikvar inkjevetta av ei meining og adla den vanlege kvardagstalen! — Ho var reint tryllt av versonen sin no. Og det sa ho meir enn ein gong i godsvall med vesle Bergqvist, at dette um frillor — det var daa ikkje sant, men berre eit paafunn av vonde folk. Um dei kom og fortalde henne aldri det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0163.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free