Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Skulereformation - I
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Arne Garborg.
paa vmis Vis styrkt sin praktiske Sans; det høyrer ikkje
minst med til god Uppfostring. Til Teikning, Handarbeid,
Utferder, Gvmnastik, Leik gjeng um Lag Helvti av Skule
dagen, so jamt-yvi; av Umskifte og Fritid vert der daa det
som trengst for Ungdomen, nåar Helse og Arbeidskraft skal
haldast ved Lag.
Grunnregelen for Læremaaten er i Millom- og Over
skulen den same som i Smaaskulen: fraa kjent til mindre
kjent. Men det kjende aukar fraa Tid til Tid, so Vegen jamt
vert friare. Um Framgangsmaaten vil eit Par Døme gjeva
ein Tanke. , .
Geografi-lærnaden tek til med Utferder. Paa deim
lærer Borni aa sjåa; snart kan dei sjåa topografisk. Til
«Leksur» teiknar dei heime slikt som dei nm Dagen hev
merkt seg; disse Teikningarne vert etterkvart til «Kart» yvi
smaa og etterkvart større Vidder. Snart vil daa Borni kunne
forståa eit topografisk Kart yvi By og Umland; og den Dagen
kjem, daa dei jamvel fær Greie paa Skulekarte. Fraa daa av «rei
ser» dei gienom Bygder og Byar ut og upp yvi Lande; stop
par serleg paa Stader som Born flest vil ha høyrt gjete; jam
sides Skulekarte vert topografiske (Generalstabs-) Kart nytta.
Her og der vert det gjort Ferder inn i eit Granneland, um
det der skulde vera ein By, eit Landskap, ein Sjø, eit Stor
hell med kjent Namn. Naar denne fyrste Snarferdi yvi
Heimeverdi er fraaseggjord tek dei paa Langferd: «sigler»
til Hamnar og Land som Göteborg driv Handel med. Daa
trengst det snart større Kart, og fyrst og fremst ein Globus.
Den fær Borni Greie paa, med Polar og Midline og Grad
linur og alt; so fer dei lenger og lenger og vert vidare og
vidare kjende. Læraren fører deim fraa Land til Land;
fortel og skildrar og kann dertil vise Bilæte av Storbyar og
anna merkelegt; Tid til aa finne Landkunna keidsam vert
der ikkje. Men so agtar Læraren seg au vel for Lærebok;
han hev røynt, at gjev dei smaae seg i Ferd med den, so vert
det Pugg og Ingenting, og Keidsemd attpaa. Borni les seg
til paa Globus og Kart det dei der kann finne (utruleg snart
vert dei flinke til aa lesa der); det dei fær vita meir av Læ
raren skriv dei upp i Notisbøkerne sine. Eit Kapitel av
Landkunna som dei hev serleg Moro av er den geografiske
Biologien; av den tek daa Læraren med so mykje han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>