Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Der ligger en klev i Gudbrandsdal
den monne man Kringen kalde,
der lagde de døler sig paa tal
henved fem hundrede alle.
De skansede for sig og gjorde mur
og reiste stener mange.
De laage der som katten paa lur,
naar den vil musen fange.
Dei laag der, men kunde ikkje sjaa, naar
skottarne kom; for vegen kom svingande og
gjekk inn under berghamrarne, so han vart reint
burte. Dei kunde ikkje eingong sjaa djuve
nedunder seg for alle smaaknausom som laag attfor.
Men her galdt det um aa vita som paa ein prikk,
naar skotteheren var paa rette flekken. Og so
var dei rædde noko anna, — at skottarne kanskje
kunde snusa det upp og gjera til inkjes alt ihop.
Dei hadde høyrt um verlauparen, og visste at
han for fyre og var faarlegare en alle andre.
Daa tok dei tvo raader:
Det var med ei gjenta heitte Gudrid, dei
kalla henne Pillar-Gudrid. Ho var framifraa god
til aa blaasa i bukkhorn-stuten. Ho for tvert
yver Logen og gjekk upp paa ein fjelltopp heiter
Seljordskampen. Der stana ho og saag nord og
sud, vidt yver dalen. Men naar ho fekk sjaa
skotteheren, skulde ho taka paa aa laata; ho
skulde faa dei til aa ganga i andre tankar. Og
paa armen hadde ho eit langt kvitt håndklæde
hangande; det skulde ho svinga kring armen og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>