- Project Runeberg -  Tiden / Tjugoandra årgången. 1930 /
302

(1908-1940)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - N:r 5, 30 april 1930 - Kaare Fostervoll: Landsmålet i Norge og arbeidarane

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

302 Råare Fostervott

Forfattarane Åsmund Vinje og Arne Garborg må ogso nemüäst
millom grunnleggjarane av den nynorske pressa. Alt i 1858 kom
Vinje med bladet "Dølen" på landsmål. No er det eit halvt hundrad
blad på landsmål, dagblad, vikeblad, tidskrifter og magasin.
Dess-utan tar dei blad som hittil har hävt foerre riksmål, no meir og
meir landsmål.

Det er ikkje her høve til å gjeva eit uttømande översyn över
kor långt landsmålet har vunne på dei ymse omkverve. Det har
mått strida seg fram på alle frontar, i skulen, i kyrk ja, i offentleg
og i privat teneste. Nokre tal kan syna stöda i dag: Av 674 herad
på landet har ca. 250 gått över til å nytta landsmål i alt sitt offisielle
vedskifte. Av ca. 5,800 skulekrinsar (på landet) nyttar ca. 2,000
landsmål til oplæringsmål. Alle som går offentleg skule, kan nytta
landsmål heilt til topps, anten skulen er "landsmålsskule" eller ej.

Det segjer sig sjølv, at statsmaktene har mått ta omsyn til denne
rørsla. Difor har det "gått politikk" i målstrevet. I 1885 fekk
ein Stortingsvedtak om at "det norske folkesprog som skole- og
officielt sprog sidestilles med vört almindelige skrift- og bogsprog".
Dei ymse skulelovene tok etter kvart sikte på dette, idet alle
ål-mennskular skal undervisa i båe mål, so alle har kjennskap til dei.
Men hovudmålet vert fastsett av dei einskilde skulekrinsarne for
folkeskulen sitt vedkomande. Elles har ei rad med lover og
fyre-segner fastsett reglar for jamstellinga av dei to mål. I 1907 fekk
ein lov om at det skal prøvast både skriftleg og munnleg i båe
mål till studenteksamen. Det siste er framlegg til lov om
ny-norsk i offentleg teneste. Det går stort set ut på at alle som vert
tilsett i offentleg teneste skal kunna handsama tenestesaker på båe
mål, og at alle offentlege kontor skäl tilsetja kontorfolk som mäktar
båe mål.

Først i 1901 fastsette riksmaktene offisiel rett skrivning for
landsmålet, stort set i samsvar med Ivar Åsens normalform. I 1907
kom ny rettskrivning for riksmålet, som dermed stod meir i
samsvar med norsk talemål enn før, og i 1917 kom ei grundligare
reform både for landsmålet og riksmålet. Prinsippet var for båe
mål, at dei skulle ha ei skiftform meir i samvar med talemålet,
og at dei skulde ha sams former der det let seg gjera utan å bryta
med grunnlinone i dei einskilde mål. Landsmålet kvitta seg då
med visse former som ikkje er i vanleg bruk i landet utanom nokre
fåe dialektar, og tok op andre som nærma målet til talemålet ogso
i byane og på Austlandet, medan Ivar Åsen hadde teke mest
om-syn til målføra på Sør- og Vestlandet, avdi dei var "reinast",
d. v. s. mest lik gamalnorsk. Samstundes vart det sett op ei rad
med "valfrie former" som ein kunde nytta ogso i skulen, og som
kunde føra skriftmålet enno nærmare i samsvaring med talemålet i
dei ulike bygder og byar. Noko liknande vart gjort ogso for
riks-målet sitt vedkomande.

Det er månge som i dette ser vegen fram til eit mål i landet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Oct 18 16:36:18 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tiden/1930/0306.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free