Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - N:r 5, 30 april 1930 - Kaare Fostervoll: Landsmålet i Norge og arbeidarane
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Landsmålet i Norge og arbeidarane 303
Det ber mot ei samanveksing av dei to mål, meddi dei båe set op
talemålet til rettesnor for si utvikling.
Korleis ser no Arbeidarpartiet og arbeidarane på landsmålet og
på målstriden?
Held ein seg til fråsegner fra motstandarane av partiet, skal ein
ikkje bli klok. Venstremennene innan målmanns fy lkingen viser til
at arbeidarpressa mest berre blir skreve på riksmål, og provar
dermed att partiet er riksmålsvenlig. Høgremennene innan
riksmåls-flokken viser til avr^ystinger i Storting og kommunestyre og
provar dermed like bindande at partiet er målvenleg.
Forklåringa til desse motstridande domane ligg kloss i dagen:
Mål-venstremennene vil slå fast at berre venstrepartiet er pålitande
"målparti", slik at alle målfolk bør vera venstrefolk, og
riksmåls-høgremennene vil på si side slå fast at berre høgre er pålitande
riksmålsparti, slikt at alle riksmåls folk bør vera høgremenn. Dei
er altso partiske domarar båe. Skulde ein tru dei, kunde korkje
målmenn eller riksmålsmenn slutta seg til arbeidarpartiet. Kven
skulde so gjera det?
I 1912 ekskluderte partiet ein av sine mest kjende menn,
stortingsmann dr. Alfred Eriksen, avdi han som formann i
Riksmåls-forbundet var med og sette op serskilde vallistor til stortingsvalet
for riksmåls folket, Han laut velja millom arbeidarpartiet og
riks-målet. I 1919 freista høgre gjenom stortingsvedtak å slå ihel den
nye rettskrivinga, som gav rom for talemålet meir enn før.
Arbeidarpartiet berga då saka igjenom med sine rnystér. I
inter-pellasjonar og lovgjevingsarbeidet i Stortinget har partiet elles
alltid stått på vakt mot riksmålshøgre når det galdt åtak på
landsmålet eller talemålet. Den stortingsgruppa som partiet no har,
tel månge ihuga målmenn. Partiet gav i 1921 ut ei brosjyre av
pro-ifessor Halvdan Koht, tidlegare formann i Norges Mållag, om
"Ar-beidarreising og Måispørsmål", ei historisk og politisk orienterande
utgreiding med sikte på å få arbeidarane til å sjå målsaka som
"kultursida av arbeidar-reisinga". Noko’ liknande partiskrift om
riksmålet er utenkjande.
Arbeidarpressa er no i det store og heile interessert i spörsmålet,
og dei aller fleste partiblad har medarbeidarar som skriv landsmål.
Ek uttrykk for synet gjev soleis "Arbeider-Avisen" i Nidaros
(Trondhjem) i ein artikkelserie i fjor, der det m. a. heiter:
"–––––den sosialistiske internasjonalisme står ikke i noget mot-
setningsforhold til det gode og verdifulle i de nasjonale
enhets-bestrebelser og den nasjonale politikk som tilsikter å videre utbygge
samfølelsen og det naturlige felleskap innenfor nasjonen.–––––-
Og i de nasjonale enhetsbestrebelser er selvf^lgelig den nasjonale
sprogreisning et overordentlig viktig ledd.
— — — Men vi håper og tror, at ungdomen av idag, som er
mere fortrolig med begge målformer, stiller sig mere förståelses-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>