- Project Runeberg -  Tiden / Tjugoandra årgången. 1930 /
305

(1908-1940)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - N:r 5, 30 april 1930 - Kaare Fostervoll: Landsmålet i Norge og arbeidarane

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Landsmålet i Norge og arbeidarane 305

dermed heller ikkje millom det nas jonale malstrev og
arbeidarpoli-tikken i Norge.

Reisinga av talemålet vil ogso for arbeidarane som for bøndene
bli til moralsk og kulturell styrkj ing. Dei veks i sjølvtillit fordi
dei reiser noko av sitt eige. Dei finn si naturlege uttrykksform,
blir ikkje hindra av eit skriftmål som ligg långt undan talemålet.
Dei lettar dermed oplysningsarbeidet for seg sjølve. Og dei metets
med bøndene i kamp for ein sams ide, by gg jer dermed ei åndeleg
bru millom desse to mektigaste samfundsklassone i landet, som
saman skal byggja det nye samfund, den nye nas jonen.

På denne maten blir, segjer professor Koht, striden for
folkemålet kultursida av arbeidarresinga, ein kulturell klassekamp.

Den voksteren som ein soleis kan sjå innan partiet og klassen,
er so vidt byrja. Det er enno långt fram til sluttmålet. Det er
ogso rimeleg, at denne voksteren innan arbeidarrørsla k jern til å
føra med seg visse skifte i sjølve målstrevet, soleis at det blir lagt
enno sterkare vekt på å hevda retten for talemålet, det levande
norske talemålet både på land og i by enn dei to skriftmåla
hit-til har gjort. Landsmålet har mått öpna rom for dialekter som
tidlegere ikkje har sett større merke etter seg i det. Rettskrivmga
av 1917 gav plass for fleire austlandske målmerke enn før.

Året 1929 kan ein på ein mate kalla eit merkeår i partiet sin
kulturpolitikk og målpolitikk, avdi striden om Nidaros-n&mnzt tvinga
fram kravet om sjølvstendig syn og program for partiet i spörsmål
vedkomande den nas jonale reisinga i landet.

Arbeidet med å reisa opatt dei gamle norske namn i bygd og by
heng sjølvsagt saman med den nas jonale reisinga og dermed
målstrevet. Men grensene for namne-reising og målreising feil ikkje
alltid saman. Det er målfolk som finn at namnespørsmåla er for
mykje etikettespørsmål til at dei skäl ta so stort rom i striden og
dermed so mykje av interesse og kraft, og det er riksmålsfolk, som
vel er med på å reisa opatt dei klangfulle og vakre norske nämna,
men som bed gudbevare seg for sjølve landsmålet. Slik var det med
Oslo-namnet i 1925, og slik var det med Nidaros-namnet i 1929, og
då i enno høgre grad.

Den sympatien som ein rekna med for Nidaros før Stortinget
vedtok lova i 1929, synte seg difor ikkje å vera stabil, då motståndet
mot namneskiftet kom fra folket i by en. Midt op i striden om
namnet skaut seg dessutan spörsmålet om Stortinget gjorde rett i å
fastslå Nidaros imot folkeønsket, altso spörsmålet om folkemeining
kontra statsmakt. Striden varde heilt inn i dette året, som ein vil
ha set, og då just om dette. Dei månge lærde utgreidingar om
filologiske og historiske flökar vedkomande namnet Trondhjem og
namnet Nidaros, og dei månge romantiske lovprisningar om kjærleiken
til nämna, alt dette heldt stemningen oppe millom dei lærde og millom
mässen, medan politikarane avgjorde saka etter reine politiske linor:
avgjorde kven som hadde mäkta i slike saker. Og det vart Stortinget.

20

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Oct 18 16:36:18 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tiden/1930/0309.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free