Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
61
fylke og skulde tala. — «Ja me gled oss so til at De kjem,» sa formannen
i ungdomslaget. — «Å», sa eg, «de kjenner ikkje meg her på desse leider,
og kann ikkje vita um det er noko å gleda seg til.» «Jau», sa han «fyr
fire år sidan låg det sju karar herfrå på ei jakt i Kristiansund. Då dei for
herfrå, var dei alle riksmålsfolk. Då dei kom att, var dei alle målfolk. No
gled dei seg so til å høyra Dykk att her.»
Kom so og seg at ikkje ord er frækorn !
Men på Austlandet må de ikkje koma med målet, segjer folk. Det sva
rar ikkje til mi røynsla.
No stig han fram fyre meg den langfredagen eg heldt gudstenesta i ei
kyrkja austanfyre Øyeren — Full kyrkja, sterk salmesong, — og alle salmane
på målet. — Eg kom ikkje anna i hug, enn at eg stod i ei vestlandskyrkja,
og folket var so med, at eg hev snautt kjent det likare her vest.
Og folket såg slett ikkje ut som dei ikkje skyna i det fullsette ungdoms
huset um kvelden.
Ein påskedag skal eg hava høgmessa i ei liti kyrkja nær Sarpsborg. I
sakristiet finn eg eit brev frå forrettande sokneprest. Han hev personleg inkje
imot målet segjer han, men etter hans kjennskap til folket vil han råda meg
til ikkje å nytta landsmål i liturgien. — Gjer eg det, kjem «andagten» å standa
i umsnutt høve til fyremålet. — «Han» meinte det sjølvsagt berre vel.
Ja, her munde eg vera komen retteleg til «prinsessen på erten». — Snudde
gjorde eg no ikkje, men eg var so syndefull at eg hadde øyro opne, um
eg skulde høyra ramling og sprang på dør, då eg stod fyre altaret. Men
nei, alt vart verande stilt. Og alt skreid fram jamt og hugsamt med prei
kestolvers på målet endå til.
«Koss lika du deg i dag då?» spurde skyssmannen min ned til ein kjen
ning på vegen, i det me køyrde frå kyrkja. «Jau, det er noko merkverdigt
heimleg ved detta målet, da ma,» svara denne austlendingen. Han hadde
fenge heimekjensla ved det.
Når eg dei fyrste åri såg ruta mi, som dei sette upp åt meg, i bladi, —
gjerna gudstenesta kvar fyremiddag og fyredrag um kvelden, då tenkte eg
jamt: koss skal dette ganga? Dette orkar du aldri? —Og ein vert sliten,
sliten på hugen og sliten på nervone. Ei lirekassa!
Men det er merkeleg kor langt ein rekk, når ein lærer å lata kvar dag
hava nok i si plaga. Og samlar seg til stundi. Men eg kjem i hug lek
preikaren. Dei spurde han um han no ikkje var svær til å tala med skyss
folk um Gud og det godt når han no for — og med alle dei han no råka
på vegen! — «Å då», sa han, — «då etter møti, — då er eg so trøytt at
eg kunde ynskja at eg fekk vera saman berre med katten.» — Kven skynar
ikkje det, av ferdatalarer ?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>