- Project Runeberg -  Forteljingar /
133

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HAMSTOLI 133

— Av Olav Aarstad, ja.

— Hu faar vel mange myntsorter au hu?

— Svært mange. Det er gild skog til Aarstad,
og han hev no pengar attaat gaarden og, han, mei-
ner dei.

— Nei, ja-saa du. Saa reiser vi til Aarstad-
sæteren da, tænker je!

Dei reis upp att og kraup eit stykke upp yver
bakkarne. För framum eit gamalt kvernhus, so yver
ein attlagd gard, der det i gamle dagar hadde gjenge
ei stor jordskrida. Daa dei hadde kvilt eit tjug
gonger, var dei endeleg komne upp paa høgdi, og
hadde heile bygdi nedunder seg. Grend i grend
burtetter, med ven lauvskog millom gardarne. I
nordenden av bygdi kunde dei sjaa det grøngule
vatne blenkja i solskine, og lengst nord i dalen
reiste seg den ville fjellheimen.

Men framfyre seg hadde dei den eine høgdi etter
den andre. Granskogen vart no tunnare, og bjørkerne
krøkte seg meir og meir ihop, at dei kunde staa seg
mot snjostormarne fraa høgfjelle.

Daa dei hadde gjenge ein time elder so paa lag,
kunde dei sjaa inn yver høgfjelle. Her reiste seg
toppar og tindar, taarn yver taarn, og yver dei alle
dronningi, den ovfagre Glitre-tinden, med den kri-

tande kvite snjokaapa i solglansen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0144.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free