Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
134 VETLE VISLIE
— Nei, her er storartet, merjele storartet, vil
je si, segjer skoghandlaren. Her tænker je vi tar
os en dram!
Han sette seg, stynjande og frøsande som ein
kval, medan Asbjørn tok av seg skreppa og løyste
henne upp og tok ut ein buttel med fransbrennevin.
Storevik drog korken or, tok fram eit sylvstaup,
skjenkte i og sa: «Skaal, kjeften min, si’r ’n Nils
Storevik, je vet du liker’n!» og drakk, skjenkte so
i aat Asbjørn, som helder ikkje eva seg, fyrr han
tok ut drammen.
Det var friskt og lett der uppe og blenkjande
klaart. Det glitra av kvar ein blom, og engi paa
sæterkvierne, der dei för framum, stod frisk og fager.
Det laag sæter etter sæter burtyver halle. Storevik
talde til 20; daa vart han lei og slutta; men Asbjørn
meinte han kunde talt til 30, um han hadde set
noko betre etter.
Det var middagsbil, daa dei kom til Aarstad-
sætri. Dei gjekk inn i sele, der det var paa lag som
i ei vanleg bondestova i sume bygder lenger vestpaa,
berre noko mindre, og ikkje so for-seg-gjort med
høvling og maaling. Men golve var nyss vaska og
straatt med hakka einer, og veggjerne var skura.
Berre dei smaa vindaugo synte at ein var paa
sætri.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>