- Project Runeberg -  Forteljingar /
135

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HAMSTOLI 135

I det andre rome dei kom inn i, sat der ei
gamal kona. Ho tok vel imot dei og baud dei
setja seg. Medan ho sveiv ut ei stund, fekk Asbjørn
fortelja, at det var ei morsyster aat Sigri; ho vart
send med dei tvo unge gjentorne kvar sumar, og
skulde passa paa at dei ikkje fekk for mange
friarar.

Dei fekk seg noko aa eta, kararne, og gjekk so
ut i bakken og kvilde seg, medan dei venta paa
Sigri.

Ei stund etter kom ho gangande, og Storevik
maatte sanra, at Asbjørn ikkje hadde loge den gon-
gen. Han hadde vore baade i Kréstejania og paa
Moss, men fagrare og friskare gjenta hadde han
aldri set. Og det som var det merkelegaste: ho
saag ikkje ut som nokor bondegjenta. Der var ynde
yver henne attaat venleiken, myrkeblaa under-
legt dragande augo, runde, mjuke kinner og frisk
farge. Brunt haar, sett upp under eit drivande
kvitt plagg.

Han var reint tryllt, Nils Storevik, reiste seg og
bukka mest likso djupt som for ei byfrøyken. As-
bjørn var gamal kjenning av henne, og tok henne i
handi, medan han paa ein lentug maate synte dei

fram for kvarandre.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0146.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free